Møt vår nye koordinator!

Oslo Sanitetsforening (OSF) har nyleg ønska Lena Fossen velkomen som ny koordinator! Med brei erfaring innan sosialt arbeid og ein sterk fagleg bakgrunn, ser ho fram til å bidra til det viktige arbeidet OSF gjer for kvinner i Oslo. Lena skal vikariere for Guro Dragset, som no går ut i permisjon. 

Frå sosialt arbeid til sosial innovasjon 

Lena har ein solid utdanningsbakgrunn som sosionom, med bachelor i pedagogikk og master i rådgjevingsvitskap. Ho har fleire års erfaring innan rus- og psykiatrifeltet, noko som har forma hennar interesse for sosial endring og utvikling. I 2023 fekk ho høve til å arbeide med sosial innovasjon og entreprenørskap, som ho trekk fram som ein viktig faktor for valet av yrkesretning vidare. 

– Det viktige arbeidet OSF gjer, og no saman med Kvinnehelsehus Oslo, er kjempesentralt for å finne nye og kreative løysingar på dei samfunnsutfordringane vi står ovanfor, seier Lena. 

Gler seg til å bidra 4W7A8776 copy 2

I si nye rolle vil Lena koordinere fleire av OSF sine sentrale prosjekt, som Ressursvenn, NORA, Lesevenn og Motherhood – mor i nytt land. Ho ser fram til å jobbe tett med frivillige og bidra til å skape ein meiningsfull kvardag for deltakarane i desse aktivitetane. 

– Eg gler meg til å samarbeide med engasjerte frivillige og sjå korleis vi saman kan utgjere ein positiv forskjell i liva til andre. Det blir òg spennande å vere med på utviklinga av Kvinnehelsehus Oslo på Tøyen, fortel ho. 

Kvifor Oslo Sanitetsforening? 

Når vi spør kva som tiltrekk Lena ved OSF, er svaret klart: 

– Kva er det som ikkje tiltrekker ein til Oslo Sanitetsforening? Før eg søkte, hadde eg lite kjennskap til foreininga, men eit lite googlesøk gav raskt meirsmak. OSF sine aktivitetar og tilbod må opplevast for å forstå kor viktig dette arbeidet er. Det å møte menneska som er ein del av aktivitetane, har vist meg kor stort og givande dette arbeidet er, seier Lena. 

Ho meiner det er vanskeleg å velje ut eitt spesifikt prosjekt ho ser mest fram til, men peiker på at alle aktivitetane gir moglegheit til å møte menneske og bidra til å gjere ein positiv forskjell. 

– Å sjå resultata av innsatsen og kor mykje kvar enkelt frivillig betyr for mange, er ein stor motivasjonsfaktor for meg, avsluttar ho. 

Vi i OSF er glade for å ha fått ein så engasjert og dyktig medarbeidar som Lena Fossen på laget, og vi ser fram til å sjå korleis ho vil bidra til å styrke vårt arbeid framover!